Energi armband Perler

Bestillingsvare 650,- NOK

SKU:arm1023-1-2-1

Armband med rad av Kvite (ekte) Perler- som er det magiske resultatet av at eit skjell (Mollusk) lager nacre for å beskytte seg mot ein irritasjon (sandkorn feks) som kjem inn i skjellet. Perle er antatt å hjelpe personleg integritet og eit reint hjerte, og er symbol for Feminin styrke og vitalitet. Ein kan kombinere Perler med detaljar i sølv og/eller gull, og ein eller fleire steinar. Her kan ein velge om ein vil ha detaljar etter estetikk som favoritt farge eller for å passe til eit antrekk/andre smykke, eller om ein vil ha stein ut frå energi.

Armbandet blir laga for å passe ditt håndledd med regulering på ca 1-1,5 cm. Eg treng omkrets på handleddet, og dette måler ein ved å bruke måleband, eller å bruke ein tråd rundt handleddet som ei så måler med linja. Ein kan og måle eit armband ein har frå før. NB! Oppgje då at målet er frå armband.

Eg lagar gjerne dette, eller eit anna Energi armband, etter dine innspel/justeringer. Du kan bestille etter ønska farge, stein, eller kva energi du vil den skal styrke. Eg sender bilde før armbandet blir sendt, og ein har full returrett på alle ubrukte smykke. Velg mellom Sterling Sølv og/eller 14 Karat Gold-Filled på lås og detaljer. Pris startar frå 450kr- etter kva mengde og type detaljar ein har. Du kan oppgje pris/budsjett som eg skal halde meg innafor/lage til.

Info kan du legge ved i beskjed feltet når du bestiller, eller ved å sende til epost Marte@uridesign.no