Etablert frå skaparglede i 2005

Uri Design sin start var i august 2005 under navnet Unik, då eg tok det som skulle vere eit år pause før Masteroppgåva i Sivil Ingeniør i industriell økonomi og tekonologi ledelse. (Frå før ha eg mellomfag i Sosial økonomi, og grunnfag i Sosial Antropologi). Det å lage og kreere har alltid vore ein viktig del av meg, som eg kjente blei litt borte under studier. Så det var veldig godt å fokusere på kreativitet igjen. I starten gjekk det i plast perler, og utelukka kun eit av kvart smykke. Det blei fort mange som ville kjøpe, og etter kort tid gjekk eg i aukande grad over til å bruke edle materialer. Frå mars 2006 solgte eg via forhandlere- blant anna fleire flotte og spesielle Gullsmedar.

Frå ca 2011 gjekk Unik i ein delvis pause/dvale modus på grunn av endring i livsituasjon- mellom anna på grunn av svangerskap og småbarnstid. Hausten 2014 kjente eg meg klar for ei oppgradering, og eg gjorde ein "re-branding" til Uri Design. Å sjonglere småbornstid som åleinemor med Design er ikkje alltid forenlig, så det er no hausten 2018 som vesla mi stadig blir meir uavhengig at eg klare å ta endå meir ordenleg tak i Uri Design igjen- og det kjennast godt!

Etter mange år der sal og inntekt i stor grad har vore via forhandlera, har eg no gått over til fokus på sal direkte til dokke kundar. Slik at eg faktisk kan sitte igjen med overskudd både fysisk og økonomisk -og derved fortsatt kunne drive med smykke. Dei som kjenne til produkta mine, vil oppdage at prisen har blitt 25-35% lavere. Med ein mark-up på minst 3 til 2.5 gonger innkjøpspris hos butikkar (det er ikkje uvanleg med mark-up 5 eller meir hos store kjedar), blir det fort dyrt for sluttforbrukar. For dei som produsera i stor volum går dette, men dette er absolutt ikkje mitt mål.

I tillegg til sal direkte via meg (nettbutikk, Epost, Instagram og Facebook), er det fortsatt nettbutikk på Miinto. Eit par Design butikkar (Ambrosia i Lillestrøm og Havarstein på Bislett i Oslo)får inni mellom ei lita smykke levering når det er ekstra tid til det.

Det blir ikkje Black-Friday og slike sal hos meg. Smykka mine får prisen dei er verdt. Alle smykka kjem frå skaperglede laga med kjærleik- og eg brukar mykje tid på kvar enkelt detalj. Eg fundra, tenker og vurderer godt før eg kjøper inn og vel edle og nydelege materialer som ferdigslipt stein, lenker, låser, øreringar, krokar, trådar med wire og liknande. Så designer og monterer eg smykka med hendene mine og enkle verktøy. I øredobbar som for eksempel "Dråpe Dryss" lagar eg små "krussedullar" med tang for kvar enkelt lille stein, og ja, det tek ein del tid. Kvart produkt blir laga i kun eitt eller eit fåtals eksemplar. Det er ikkje uvanleg at eit smykke som det teknisk sett tek 15 minutter å lage har eg brukt 1 time eller meir på i sjølve produksjonsprosessen fordi eg vil ha heilt "rett" kombinasjon. I tillegg kjem administrative delen med å bestille og håndtere materialer, ta bilder, publisere, svare på epostar, sende ut faktura og så vidare.

Det er ein fast liten rabatt når ein kjøpe fleire produk. (Sjå Vilkår) Dette fordi det koster meg mindre tid, energi og kostnad å sende fleire produkt samtidig.

Og så du veit- når du sender meg ein godt ord, forespørsel eller bestilling så gjer eg ein gledes dans- alltid mentalt- ofte på ordentlig. Eg håpar du og kjenne det slik når du får og bruka smykka min. Frå mitt heart til ditt

 

                          

    

Marte@uridesign.no   +47 934 99 586